This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Vi søker etter fastlege til Eid legekontor med oppstart .
Vikariat kan òg vere aktuelt både ved legekontoret på Eid og i Selje.
Kommunen har to legekontor og 13 fastlegeheimlar, ti av legane jobbar ved Eid legekontor samt ei stilling for LIS1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill).
Eid legekontor har eit godt fagmiljø der fire av legane våre er spesialistar i allmennmedisin og dei andre legane har ALIS avtale inkludert ALIS-tilskot. Vi har eit kollegium av både yngre og meir erfarne legar. Listelengder ved kontoret er 700-900 pasientar.
Legekontoret er godt utstyrt med blant anna spirometri, EKG, 24t BT og legevaktsbil. Fastlegane arbeider i gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2-avtale der kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell. Legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon inntil 16 dagar ved fråvær grunna eigen eller barns sjukdo...