This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Nissedal kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut fra 25. august 2026. Me ser etter deg som er fagleg dyktig og engasjert – og som ønskjer å vere med å utvikle tenesta.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull kvardag, der du arbeider tett på innbyggjarane – frå dei aller yngste til dei eldste. Stillinga gir stort rom for fagleg påvirknad og utvikling, og du får i høg grad vere med å forme innhaldet sjølv. Kommunen har stort fokus på førebyggjande arbeid retta mot barn og unge, så her ligg det gode moglegheiter for deg som brenn for tidleg innsats og helsefremjande arbeid.
Fysioterapitenesta er organisert i helseavdelinga under Eining for velferd, idyllisk plassert ved innsjøen Nisser i sentrum av Treungen.
Her blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø saman med legekontor, helsestasjon, tenesta for psykisk helse og rus og jordmortenesta.
Som fysioterapeut i kommunen vil du arbeide i fleire arenaer – på helsestasjon, i...