This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søker ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og faglege spennande oppgåver: Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids‑ og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald; Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar.
Som helsefagarbeidar/sjukepleiar får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp. Vi har både ein fast stilling på 80 % og eit vikariat på 100 % med arbeid kvar andre eller tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefagleg oppfølgning gjennom natta
- Sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav...