Location
osterøy
Posted
May 28, 2026
Commute
Local Area
Local Opportunity Near You!
This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Om stillinga
- Osterøy kommune søkjer ein strukturert, sjølvstendig og utviklingsorientert innkjøpar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med offentlege anskaffingar, rammeavtalar og gode innkjøpsprosessar i kommunen.
- Stillinga er nyoppretta, og du vil få høve til å vere med å forme innkjøpsfunksjonen i kommunen. Som innkjøpar vil du vere kommunen sin fagressurs innan anskaffingar og innkjøp, og du vil arbeide tett med leiarar, fagavdelingar og eksterne samarbeidspartar.
- Stillinga krev god forståing for offentleg forvaltning, evne til å arbeide sjølvstendig og interesse for å byggje gode system og rutinar.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp offentlege anskaffingar
- Utarbeide konkurransegrunnlag, kravspesifikasjonar og kontraktsdokument i samarbeid med fagavdelingane
- Forvalte og følgje opp kommunen sine rammeavtalar
- Sikre etterleving av regelverk for offentlege anskaffingar