This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største einingane for laboratorietenester i landet. Klinikken er organisert i avdelingar som dekker fagfelta patologi, mikrobiologi, medisinsk biokjemi, klinisk farmakologi, hormonanalysar, immunologi, transfusjonsmedisin, medisinsk genetikk, kreftgenomikk og biobank.
Bioinformatikk driftar og utviklar eigne løysingar for laboratoria ved Laboratorieklinikken, særskild retta mot NGS-basert diagnostikk. Vi jobbar prosjektbasert og ivaretar heile prosessen frå utvikling til produksjon og drift av produkta våre. Høg etterspurnad av tenestene våre gjer det nødvendig å få tak i fleire gode kollegaer som kan hjelpe oss i arbeidet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling, validering og drift av programvare og pipelines for analyse av ulike typer NGS-data
- Utvikling og drift av ulike laboratoriestøttesystem
- Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, la...