This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særskilt ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om stillinga
Konfliktrådet Vest er i vekst, og vi søkjer derfor ein ungdomskoordinator med ansvar for straffegjennomføring i 100 % fast stilling. Brenn du for å gjere ein skilnad og bidra til eit viktig samfunnsoppdrag? Dette er ei unik moglegheit til å skape positive endringar for ungdom som har gjort seg skuldige i kriminalitet, og vere med på å forme vegen deira vidare.
Stillinga har kontorstad i Bergen. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og deler erfaringar og fagkunnskap.
Stillinga som ungdomskoordinator er ein lovregulert funksjon ...